Årsmøte 2007

Torsdag 8. februar 2007 var det årsmøte for Tau Bedehus.

Hilsen fra formannen finner du her.
Årsmelding for 2006 finner du her.
Regnskap for 2006 finner du her.
Byggeregnskap for 2006 finner du her.

Referat
Det var samla ca. 40 personar til årsmøte på bedehuset.
Arne Helleland opna med Guds Ord og bøn. Vi song eit par songar og Selmer Halsne hadde andakt. Vi gjekk så over til årsmøtedelen.

SAK 1: Val av møteleiar. Forslag: Arne Helleland. Einstemmig.

SAK 2: Val av referent: Forslag: Aslaug Elin S. Kleven. Einstemmig.

SAK 3: Val av 2 til å skrive under protokollen: Forslag: Knut Skårland og Bernt Jarl Berge. Einstemmig.

SAK 4: Aslaug Elin S. Kleven las opp årsmelding for 2006. Godkjend.

SAK 5: Heidi Skårland la fram rekneskapet for 2006. Godkjend.
Arne Helleland la fram regnskapet for nybygget. Godkjend.

Sak 6: Val av 3 representantar til styret, ein vararepresentant og ein revisor.
Gudrun Gjerde og Arne Helleland går ut av styret og sa nei til attval. Ole André Straume sa ja til attval.

Styret sitt forslag til nye kandidatar: Andreas Bull og Carl A. Nilsson.

Forsamlinga hadde ingen forslag. Kandidatane blei valde ved val. Ole André Straume og Andreas Bull blei styremedlemmar og Carl Nillsson blei varamann.

Bjørn Midtbø blei gjenvalt som revisor.

Dei som gjekk ut av styret fekk blomar og takk av sekretær.

SAK 7: Samtale om arbeidet/ eventuelt

Arne Helleland la fram styret sitt forslag om å opprette ein valkomite som kan finne kandidatar til neste årsmøte. Valkomiteen sender tilbakemeldingar til alle medlemmane og så må desse kome med forslag om namn. Desse tre blei valt ved akklamasjon: Arne Helleland, Knut Skårland og Aud Veland

Ole André Straume la fram komiteen sitt forslag til ny frontvegg/podie framme i møtesal. Årsmøte gav uttrykk for at det ser interssant og spennande ut. Mange kom med kommentarar og synspunkt.

Arne Helleland la fram planane for nytt kjøkken. Og så dette blei positivt motteke og mange hadde spørsmål/synspunkt.

Uteareal. Styret fekk ros for arbeidet med utearealet. Mange uttrykte at vi no må få på asfalt. Styret lufta for årsmøte korleis vi kunne få inn pengar til asfalt. Her blei det gjort eit vedtak om å sende ut informasjon til alle medlemmane der vi og ber om ei gåve på kr.1500,-.
Andre måtar å få inn pengar på kan vere å søke til departementet og/eller kommuna.

Det blir no starta ei Bedehusforening som treffest på huset ein måndag i månaden. Målet for foreninga er å gjere ei eller anna form for dugnad eller forefallande arbeid på huset.

17.mai festen har vi no lagt på is og styret tek ikkje initiativ til fest dette året.
Det var eit fint årsmøte, mange saker blei tatt opp og samtalt om. Styret fekk mange nyttige synspunkt frå forsamlinga.
Det var god mat og kaffi under samtalane.
Vi fekk inn kr. 3150,- i kollekt.

Aslaug Elin S. Kleven -ref.-