Årsmelding for Tau Bedehus 2006

Styret for Tau Bedehus har i 2006 vore samansett slik:
Arne Helleland – Formann
Ole Andre`Straume – Nestformann
Heidi Skårland  – Kasserar
Aslaug Elin S. Kleven – Sekretær
Ragnvald Stople  – Vaktmester
Gudrun Gjerde – 1. varamann

Styret har sidan sist årsmøte hatt 7 styremøte og 2 samrådingsmøte.

Av saker som styret har arbeidd med kan vi nemne:

  • Bedehusbasaren: Styret stod også dette året for den årlege bedehusbasaren. Mykje folk møtte opp, og vi hadde ei fin samling. Det gjekk fint å få inn gevinstar og folk var flinke å ta lodd både på butikkane på førehand, og under sjølve basaren. Nytt av året var at trekkinga føregjekk på pc over storskjerm. Slik kunne ein følgje med på lodda både opp i salen og nede i kjellaren!
  • Open dag: Den 22.april hadde vi open dag og innviingsfest av det nye tilbygget. På dagen hadde vi invitert organisasjonane som bruker huset til å lage ”stand” der dei presenterte arbeidet sitt. Mange var kreative, og flotte standar stod rundt omkring i kjellaren. Vi kunne nok ønska oss litt fleire gjestar frå bygda denne dagen, men alt i alt hadde vi nokre fine føremiddagstimar med kaffi og god prat.
  • Innviingsfest av tilbygg: Om kvelden denne dagen var det innviingsfest av tilbygget. Vi hadde mykje fint program og fleire kom med helsingar m.a varaordføraren. Etter samlinga oppe var det gryterett og marsipankake i kjellaren!
  • 17.mai fest: Tradisjonen tru arbeidde vi med å få til ein 17.mai fest også i år. Erfaring frå åra før gjorde at vi valgte ein annan vri for å få i stand ein arrangementskomite`.Vi valgte å gi organisasjonane utfordringa med å finne tre personar kvar som kunne vere med i ein komite`. Det var visst svært vanskeleg å finne villige folk, med det resultat at det blei ingen 17.fest på Bedehuset dette året.
  • Nyttårsfest: Første laurdagen i januar arrangerte styret nyttårsfest. Festen samla ca.90 personar. Paul Mathis Nørstebø frå DISM tala. Elles var det musikk og song og andre kulturelle innslag. Etter festen oppe var det gryterett og dessert i kjellaren, tilslutt gjekk vi rundt juletreet.
  • Innkjøp: Vi har prioritert det tekniske når vi har handla dette året.Vi har kjøpt inn ny miksepult og supplert lydanlegget. Vi har og kjøpt ein prosjektor.Ungdomslaget har kjøpt nytt lydanlegg i kjellaren og vi har fått to nye høgtalarar i matsalen. Vi har flytta og miksepulten på den andre sida, bak i møtesalen.
  • Utbygging/oppussing: Tidleg i vår stod tilbygget ferdig. Etter mange timars arbeid var det flott å ta i bruk det endelege resultatet. Fine, nye rom, frå loft til kjellar. Etter snart eit års bruk må vi seie oss fornøgd med nybygget. Mange dugnadstimar er også lagt ned siste arbeidsåret både inne og ute. Mykje står framleis att før huset er i tipp topp stand, det er alltid noke å gjere. Vi har no i haust m.a sett ned ein komite`som planlegg ny frontvegg i hovudsal. Vi arbeider også med uteområdet, her er det framleis eindel som står att og vi treng folk som
    kan vere med på dugnad.

Styret vil takke alle som er trufast med i arbeidet på Bedehuset. Takk til deg som er med å halde reint og som er med på dugnad på ein eller annan
måte. Takk til deg som gjev pengegåver til huset. Takk til deg som er med i barne – og ungdomsarbeidet her, og til deg som tek ansvar for møte og
andre tilstelningar.

Tilsutt samlar vi oss i ei bøn frå songen ”Dine løfter er mange” av Sigurd Lunde: ”Lær oss elske hverandre, og se hva det er du har ment med at vi
bor der vi bor! Hjelp oss vitne om Jesus for fjern og for nær, la ditt ord nå ut til hele vår jord!”

Tau, 20.januar 2007
Aslaug Elin S. Kleven