Årsmelding for Tau Bedehus 2005

Styret for Tau Bedehus har i 2005 vore samansett slik:
Arne Helleland – Formann
Ole Andre Straume – Nestformann/utleige
Helga Stople – Kasserar
Annbjørg Leine Larsen – Sekretær
Gjermund Leirflåt – Vaktmester
Gudrun Gjerde – 1. varamann

Styret har sidan sist årsmøte hatt 4 styremøte og 2 samrådingsmøte.

Av saker som styret har arbeidd med kan vi nemne:

  • Medlemskap. Pr. 1.1. -06 er det 134 medlemmar i Tau Bedehus. Dette er
    ein auke på 20 dette året.
  • Bedehusbasar. Styret stod også dette året for den årlege bedehusbasaren.
    Mykje folk møtte opp, og vi hadde ei fin samling. Nytt av året var at det
    blei laga til utlodning med skriving på butikkane på førehand. Dette
    resulterte i at inntektene frå basaren gjekk opp. Det gjekk greitt å få inn
    gevinstar og organisera skrivinga noko som tilseier at dette må gjerast
    neste år og.
  • Nyttårsfesten. I januar 2006 arrangerte styret nyttårsfest. Festen samla ca.
    115 personar.Holger Kjøllevik talte. Det var elles musikk, song,
    underhaldning og god mat.Nemnast må og at det var svært fint pynta,
    takka vere hjelp frå Liv Kirsten Norland.
  • 17. mai- fest. Denne festen er tradisjon, og styret vil takke dei som var
    villige til å planlegge og gjennomføre denne flotte festen.
  • Kjøp av multimedia utstyr. Det er innkjøpt ny forsterkar, hodemikrofon,
    easy worship.
  • Utstyr på kjøkken. Det er innkjøpt 120 stettglas.
  • Endring av grunnreglane. Eit par av personane som var med i gruppa
    som skulle arbeida med framlegg til endring av grunnreglane, har trekt
    seg, og arbeidet har stort sett lege på is dette året. Nå har det lukkast å få
    nye medlemmar i komiteen.
  • Opp-pussing. Gangen og matsal har blitt mala.

Bedehusutbygginga.
Gravearbeidet til nybygget starta i januar 05, og arbeid med grunnmur følgde på. På grunn av stort press på arbeidsmarkedet kom ikkje bygningsarbeidet i gong før ut på våren. I slutten av mai starta dugnadsarbeidet med innreiing. Det har vore stor innsats av frivillige som har møtt trufast opp til arbeid. Resultatet kan vi sjå i dag. Huset står der nesten ferdig. Styret vil takke alle som er med på dugnad og alle som trufast har møtt fram med mat til dugnadsfolka.
Styret vil og takke alle som trufast er med på det daglege arbeidet på Tau bedehus.
*Takk til alle som er med å halda huset reint, er med på dugnad ute og inne.
*Takk til alle som gjev pengegåver til huset.
*Takk til alle som trufast står på i barne- og ungdomsarbeidet.
*Takk til alle som tek ansvar for møte og andre tilstellingar på huset.

Til slutt rettar vi vår takk til Gud for at vi ennå bur i eit land der Guds Ord kan
forkynnast. Måtte vi alle vera trufaste på den plassen Gud har tenkt ut for oss.

Tau, 24.01.2006
Annbjørg Leine Larsen