Bilde1

Referat fra årsmøte i Tau bedehus 6.feb 2017

Her kommer referatet fra Tau Bedehus sitt årsmøte. 

Referat frå årsmøtet til Tau bedehus, 6.februar 2017

Me var samla 32 stk til årsmøte.

Otto Fjelde hadde andakt.

Årsmøtedelen:

Sak  1  Val av møteleiar: Eirik Stople blei vald.

Sak 2  Val av referent: Gunvor Stople blei vald.

Sak 3 Val av to personar til å skrive under møteprotokollen:

Maryanne Berge og Einar Fiskå blei valde.

Sak 4 Årsmeldinga blei lesen av Gunvor Stople og blei godkjent.

Sak 5  Rekneskapet blei presentert av Kjell Harald Dalehaug og blei godkjent.

Sak 6 Val

Hanne Torhild Kleven presenterte dei nye styrekandidatane. Valkomiteen hadde ikkje klart å få nok kandidatar, derfor  blei vararepresentanten teken frå salen.

Styret har nå denne samansetninga:

Jofrid Hetland Vik

Gunvor Stople

Bernt Jarl Berge (vald)

Ruth Nina Fiskå Rypestøl (vald)

Helge Thingbø (vald)

Kåre Nordbø (vararepresentant)

 

Val av revisor: Bjørn Midtbø

Valkomite for 2018:

Jorunn Melberg

Bodil Nessa

Jostein Flatebø

 

Sak 7  Ønskje om prioriterte oppgåver frå medlemmene

  • Vindauge i matsal: Årsmøte såg positivt på dette. Styret arbeider vidare med saka.
  • Lageret: Det nye styret kallar inn leiarar av dei laga som bruker rommet og tek i fellesskap planlegging av opprydning der.
  • Garderoben i nybygget må gjerast brukande for klær.
  • Heisen: Styret ser på korleis den kan fungere på best måte. Kva med ekstranøklar?
  • Vaskerommet: Det trengs renovering.
  • Det kom ønskje om veggstativ til dorullar på alle toaletta.
  • Nye doringar.
  • Ein bør få magnetar på døra inn til foreningsrommet. Dessutan må ein sjekke døra mellom matsal og peisestove.
  • Utedøra er litt vanskeleg å få opp.

 

Sak 8  Eventuelt

Jofrid orienterte om heimesida:

  • Aktivitetskalenderen har fått ein litt anna vri.
  • Annonser til Strandbuen om aktivitet på huset, vil ho gjerne ha inn på heimesida. Send ein kopi til Jofrid.
  • Det er samrådingsmøter vår og haust. Viktig å planlegge eit år fram i tid.
  • Ein ønskjer at heimesida kan vera ei god informasjonsside om huset. Kom gjerne med innspel.

Den som brukar huset, må alltid sjekke dører, vindauge og lys.

 

Jostein orienterte om ny spot mot talarstolen. Den kan styrast frå talarstolen og bak i salen.

Han fortalde og om problemet med såpedispensarane.

Ellers blei det opplyst om at nettoppkoblinga snart er på plass.

Golvvarmen i peisestova har blitt sjekka og skal vera i orden.

Temperaturen i møtesalen blir lett høg. Dette må sjekkast ut.

 

Eirik takka alle som gjer ein flott frivillig innsats for bedehuset.

Det blei delt ut blomar til utgåande styremedlemmer, Helga (rekneskap) og Bjørn(revisor).

Det kom inn kr. 2800  i kollekt.

Etter årsmøtet blei det servert kveldsmat.

 

 

__________________                                               ____________________