Helsing til medlemmene i Tau Bedehus

Helsing til medlemmene i Tau Bedehus

Nå er eit nytt arbeidsår over på Tau Bedehus. Det har vore eit travelt år med mykje aktivitetar. Mange er engasjert i det ulike arbeidet, og det set eg stor pris på. Eg syns det er flott at huset er i bruk stort sett kvar dag.

Til dei forskjellige styra og kontaktpersonar som driv arbeidet på huset vil eg oppmuntre til å stå på. Det er kjempeflott alt arbeidet som blir gjordt. Så syns eg det flott at arbeidet er så forskjellig slik at forskjellige folk kan få høyra at Jesus døydde på korset akkurat for dei, og at vegen til himmelen er opna av Jesus.

Eg vil takke for å ha fått lov å vera med på dette arbeidet. Nå har eg vore med i 4 år og eg syns vi har fått utretta mykje på bedehuset. Nå får andre krefter komme til og sette sitt preg på bedehusarbeidet. Det er mykje arbeid å halde huset i drift og vedlike. Eg ser at mange av dei som har vore med i styret før er ivrige til å hjelpe til. Det er flott. Eg ser for eigen del at det er mykje arbeid på huset som må gjerast som ein ikkje tenker på til vanleg. Difor har alle godt av vera med ein periode i styret.

Arbeidet med nybygget har toke mykje tid dette året også. Det blei jobba iherdig fram til innvielsefesten i april. Etter det gjekk det litt luft ut av ballongen. Frå hausten av har vi fått gjordt mykje med uteområdet. Parkeringsplassen er truleg større enn før vi begynte og tilkomstvei er blitt mykje betre. Har fått mange positive meldingar frå folk, også dei som ikkje bruker huset.

Frå i haust er bygget tatt meir ibruk og vi ser at det er mange kjekke rom til ulike aktiviteter. Merka sjølv at ved store arrangemang var det mykje betre plass, og folk kunne sitja betre og drøse i kjellerane.

Lyd har vi fått mykje betre til dette året. Nytt lydhjørne med ny miksepult og diverse utstyr har gjordt den tekniske jobben med arrangemanga mykje lettare og bedre.

Huset fekk ei hyggeleg julepresang frå Rogaland Elektro Strand som gav oss kr 10.000,-. Dette fekk vi fordi vi gjer så mykje arbeid bland barn og unge. Dette syns eg var ei god oppmuntring og annerkjenning av arbeidet som blir drive på huset.

Vi fekk ikkje tippemidlar i 2006, men har søkt på nytt for 2007.

Utfordringa framover blir å oppgradere kjøkkenet. Her har vi hatt synfaring i haust frå eit firma som driv planlegging av slikt. Har ennå ikkje fått utkast frå dei, men håpar å ha noko klart til årsmøte.

Vil til slutt takke alle som har vore med i styret. Alle har vore flinke til ta ansvar og vere med å dele på ansvar og jobb. Har hatt det kjekt ilag med dykk og lukke til vidare for det nye styret.

Gud velsigna dykk alle.

Arne Helleland
Formann