Årsmøte 2006

Inkalling
Hilsen fra formannen
Årsmelding fra 2005
Regnskap for 2005

Torsdag 9.februar 2006 var det årsmøte for Tau Bedehus.

Referat.
Ca. 35 personar var samla til årsmøte på Tau Bedehus.

Ingvar Dragsund heldt andakt. Han tok utgongspunkt i Jesu møte med den samaritanske kvinna slik det er fortalt i Joh. 4.kap. Det blei vekkelse i kvinna sitt liv. Ho fortalde vidare det ho sjølv hadde sett og høyrt og bodskapen om Jesus spreidde seg. Slik og i dag. Ein sår, ein vatnar, Gud gjev vekst og andre haustar.

Vi gjekk så over til årsmøtedelen.

Sak 1: Val av møteleiar. Forslag: Arne Helleland. Einstemmig.
Sak 2: Val av referent: Forslag: Annbjørg Leine Larsen. Einstemmig.
Sak 3: Val av 2 til å skriva under protokollen : Forslag: Kåre Steinsvik og Jostein Fiskå. Einstemmig.
Sak 4: Annbjørg Leine Larsen las opp årsmelding for 2005.
Godkjend utan merknad.

Sak 5: P.g.a. sjukdom la kasserar fram berre resultatreknskap.
Godkjendt utan merknad. Byggereknskap blir framlagt seinare.

Sak 6: Val av 3 representantar til styret, ein vararepresentant og ein revisor.

Helga Stople, Gjermund Leirflåt og Annbjørg Leine Larsen går ut av

styret og har sagt nei til attval.

Styret sitt forslag til nye kandidatar:

Aslaug Elin Kleven
Heidi Skårland
Ragnvald Stople

Forsamlinga hadde ingen forslag. Desse blei så valgde ved aklamasjon.

Gudrun Gjerde var villig til å bli varamann. Valgt ved aklamasjon.
Bjørn Midtbø blei gjenvalgt som revisor.

Dei som gjekk ut av styret fekk takk og blomar frå formann.

Sak 7: Orientering om utbygginga/eventuelt

Arne Helleland orienterte om utbyggingsarbeidet og gav høve til spørsmål

og kommentarar.

Blir det skap-plass nok i nybygget? Aldri nok, men vi får nytta det som er.
Etterlysing av meir knaggar i garderoben. Dei siste dagane er det kome opp ei garderobestang.
Kjøkken. Skal vi satsa på nytt og betre kjøkken? Mange synspunkt.
Styret vil arbeide med framlegg til opprustning.

Blir det eige avsug på loftet der Hobbymaks skal vera? Ja, seperat vifte.
Nøklar. Det er mange brukarar på huset. Styret har bestilt 10 nye nøklar.
Alarm. Sist år var det to innbrot. Det vil bli montert alarm med kode for å kunne låsa seg inn.
Lydforhold i matsalen. Blir det gjort noko her? Styret arbeider med saka.
Bør skap med høgtalar i storesal sikrast betre?
Medlem i innreiingskomiteen lufta ulike synspunkt innad i komiteen med tanke på val av møblar i peisestova.
I det heile var det ein konstruktiv spørjerunde. Forsamlinga var aktiv og styret fekk mange nyttige synspunkt.

God mat og kaffi.

Jette Østerhus takka styret for godt arbeid.

Det blei teke opp kollekt til bedehuset. Det kom inn 1850 kroner.

Annbjørg Leine Larsen (ref.)